Brusand IL

Støttemedlem

Støttemedlem

Brusand idrettslag vil gjerne ha fleire støttemedlemmer. For 200,- i året støttar du idrettslaget økonomisk, bidreg til at laget får støtte frå både idrettsforbund og kommune og er med og sikrar vidare drift i eit aktivt lag i bygda.

Brusand idrettslag har store økonomiske kostnader. I 2015 vart det for eksempel brukt 800 000,- på nye lys på kunstgrasbanen, året før investert i skiljevegger i hallen. I 2016 starta ein omfattande prosess med vedlikehald av hallen som skal foregå over ein treårsperiode. Det vert og laga eit Treningssenter i hallen og vedlikehald av banen på Kvalbein er planlagt.

Som støttemedlem er du med og støttar ein klubb som gjev eit sportsleg tilbod til mange barn og unge i bygda, men som også er viktig for å skapa liv og aktivitet med arrangement for både innbyggjarar og tilreisande.  

Dersom du vil melda deg inn som støttemedlem hjelper du òg til med å halda kontingenten låg for barn og unge.

Ønskar du å vere støttemedlem, vennligst send en e-mail til post@brusandi-l.no

Brusand IL

Ognahallen, 4364 Sirevåg

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift